Sommarles 2020

Sommarens nasjonale lesekampanje startar 1. juni. Nytt i år er at NAFO har omsett informasjonsskriv til foreldre til mange språk.

Sommarens nasjonale, digitale lesekampanje i regi av folkebiblioteka startar 1. juni og varar fram til 31. august. Sommerles.no er gratis, og alle barn frå 1.-7. trinn kan delta.

Lesing skal vere gøy!

Målet med kampanjen er å motivere barn til å lese mest mogleg i løpet av ein lang sommarferie. Barna samlar poeng og trofear etter kvart som dei les. I Sommerles.no kan ein lese alle typar bøker, i alle sjangrar og på mange språk. Barna kan enten lese sjølv, høyre på lydbok eller bli lese for av foreldre eller andre.

Informasjon på fleire språk

NAFO er no ein av samarbeidspartnarane i Sommerles.no og har omsett informasjonsskriv til foreldre. På altom.sommerles.no kan du lese meir om kampanjen og finne informasjon på fleire språk.