Sámi álbmotbeaivi

6. februar er Samenes nasjonaldag. Les om markeringa og finn undervisningsressursar for barnehage og skole.

Den 6. februar er det feiring av Samenes nasjonaldag. Dagen som også blir kalla Samefolkets dag, blei feira for første gong i 1993, på same tid som FNs internasjonale urbefolkningsår blei offisielt opna i Karasjok.

Ein dag for alle samar

Avgjerda om ein samisk nasjonaldag blei tatt på den nordiske samekonferansen i 1992, og dagen feirast både i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Datoen for feiringa blei valt til minne om det første samiske landsmøtet som fann stad i februar 1917. Dette var første gong nord- og sørsamar frå Noreg og Sverige samla seg til eit stort møte for å drøfte felles problemstillingar på tvers av landegrensene. Dette møtet la grunnlag for arbeid samane seinare har gjort i fellesskap for å sikre folkerettsleg og demokratisk likeverd.

Undervisningsressursar knytt til den samiske nasjonaldagen

Lær om samiske språk

Musikkvideoar på samisk

Markering av dagen

Samenes nasjonaldag er offisiell flaggdag i Noreg. Dagen blir markert fleire stader i landet. Mellom anna har OsloMet ei digital markering av Samenes nasjonaldag 5. februar – dagen før dagen.