Måltidet som pedagogisk arena i barnehagen

I den nye rammeplanen for barnehagar har mat og måltid fått ein tydelegare plass. For å inspirere barnehagar i måltidsarbeidet har NAFO, saman med sju av dei andre nasjonale sentera, utvikla eit hefte som viser korleis ulike fagområde kan integrerast i måltidet.
Hefte til inspirasjon

Kvart av sentera har laga ein aktivitet frå deira fagområde, som viser korleis måltidet kan være ein pedagogisk arena i barnehagen. Heftet er meint å vere ein inspirasjon til ulike aktivitetar der barna kan fortelje, undre seg og stille spørsmål.
Ulike aktivitetar ved måltidet
Måltidet kan bli ein stad der ein utforskar tinga som fins på matbordet – sorterer og samanliknar. Ein kan og gå på loppemarknad og kjøpe gamle, fine koppar og tallerknar med ulike farger, mønster og former og dekkje flotte matbord.
NAFO skriv om måltidet som ei tid for glede og fellesskap. Openheit og nysgjerrighet for kva den enkelte ynskjer å fortelje, kan gjere det lettare å dele tankar og kome med spørsmål – også for dei som er i ferd med å lære seg norsk. Fleire språk kan inngå i samtalane og alle kan lære ord og uttrykk frå kvarandre.
Plakat
Vi har laga ein plakat som viser barn i ulike aktivitetar. Den kan skrivast ut og personalet, foreldre og barna kan saman fylle inn kva dei ulike verba heiter på forskjellige språk. Plakaten kan vere til inspirasjon til samtalar under måltidet.