Liker du å studere?

Vil du ta etter- eller vidareutdanning? Finn eit studietilbod innan fleirkulturelt mangfald eller andrespråkspedagogikk som passar for deg.

Det er fleire gode grunnar til å ta etter- eller vidareutdanning som lærar eller tilsett i skolen. Ikkje berre er det eit krav om fagleg fordjuping, men òg eit godt høve til å utvikle seg fagleg. I Kompetanse for kvalitet er det tilbod om studium i andrespråkspedagogikk og liknande utdanningar. No må også lærarar som skal undervise etter lov om integrering i vaksenopplæring, ha norsk som andrespråk i sin fagkrins.

Å forplikte seg til eit studium ved ein høgskole eller eit universitet gir moglegheiter for eit fagleg påfyll som vanskeleg lar seg erstatte av kortare og meir tilfeldige kursdagar. Ei etter- eller vidareutdanning gir tid og rom for fagleg fordjuping og refleksjon rundt eigen praksis. Vi har samla eit knippe studium vi meiner er eigna for alle som underviser i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt klasserom, eller som arbeider på skolar med eit fleirkulturelt miljø. Nokre studium har søknadsfrist allereie 1.mars.

Oversikt over studietilbod på høgskolar og universitet.

Kompetanse for kvalitet

Om vidareutdanning på Kompetanse Norge si side.