Kväänikansan päivä

NAFO gratulerer med Kvenfolkets dag 16. mars! Les meir om dagen, og finn resursar til bruk i barnehage og skule.

NAFO gratulerer med Kvenfolkets dag 16. mars!

Kvenfolkets dag er ei markering av kvensk/norskfinsk historie og kultur. Datoen er vald til minne om den første organiseringa av kvenane som gruppe. På denne dagen i 1984 blei det første lokallaget for kvenar etablert i Børselv i Aust-Finnmark.

Kvenane er ein nasjonal minoritet i Noreg

Kvenane er etterkommarar av folk som kom frå Nord-Finland og Nord-Sverige og busette seg i Troms og Finnmark. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om kvenar i Noreg, går så langt tilbake som til 1500-talet. I 1998 fekk kvenane status som ein nasjonal minoritet, på lik linje med jødar, rom, romanifolket og skogfinnar. I 2005 blei kvensk anerkjent som eige språk.

Hvem er kvenene/norskfinnene? – les meir om historie og språk

Film til bruk i barnehage og skule

Filmen Tule sisäle gir eit lite innblikk i historikk om kvenar/norskfinnar, om reisevegar, tradisjonar og språk. Du får møte Edvin på 8 år og bestemora hans, Ragnhild. Edvin vil gjerne høyre om den kvenske/norskfinske bakgrunnen sin, og bestemor Ragnhild har mykje å fortelje.

Filmen kan brukast i barnehagen eller på barnetrinnet og mellomtrinnet, aleine, eller saman med oppgåver.

Oppgåver til filmen Tule sisäle (minstemme.no)

Lær ord og enkle frasar på kvensk og finsk

Lær enkle fraser på kvensk og finsk (minstemme.no)

Bildetema på kvensk – bildeordbok på mange språk (bildetema.oslomet.no)

Les meir

Nasjonale minoriteter (nafo.oslomet.no)

Norske kveners forbund (kvener.no)

Varanger museum – Kvensk/norskfinsk historie (varangermuseum.no)

Språkdusj skal gi barna besteforeldrenes språk – om korleis dei bruker kvensk språk i ein barnehage i Nordreisa (nrk.no)